Øygarden Fysioterapi & Helse

— din aktive helseklinikk

Velkomen til din aktive helseklinikk

Øygarden Fysioterapi & Helse held til på MOVA Ågotnes Torg, i etasjen under Rema 1000. Vi, Vegard og Sondre, har kvar vår unike mastergrad og utfyller kvarandre godt – med ei felles forståing og ekte engasjement for fysioterapifaget.

Vi legg vekt på ei aktiv tilnærming til behandling, noko som også kjem til uttrykk gjennom våre eigne interesser for idrett og fysisk aktivitet. Med eit ope sinn og eit smil møter vi deg.

Avtalefysioterapeut med driftstilskudd og HELFO refusjonsavtale

Manuellterapeut/Fysioterapeut
Spesialist i manuellterapi og idrettsmanuellterapi
Tlf: 91900897

Vegard er utdanna fysioterapeut frå Høgskulen i Bergen i 2004 og tok sin mastergrad i Manuellterapi på Curtin University i Australia i 2007/08. 

Yrkesmessig har Vegard lang erfaring innen toppidrett.  Han har tidlegare fulgt langrennslandslaget i 10 år, og har jobba med SK Brann sitt herrelag i 8 sesonger. 

Vegard er og en del av Olympiatoppen sitt eksterne behandlernettverk. 

Vegard Hide Vågene

Book ein avtale med Vegard

Avtalefysioterapeut med driftstilskot og HELFO-refusjonsavtale

Psykomotorisk fysioterapeut / Fysioterapeut
ACT-terapeut

Tlf: 40868779

Sondre er utdanna fysioterapeut frå UCL University College Lillebælt i Danmark og har ein mastergrad i psykomotorisk fysioterapi frå UiT Noregs arktiske universitet i Tromsø.

I tillegg har Sondre ein bachelorgrad frå NTNU – Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet – i Bevegelse- og idrettsvitskap.

Sondre starta karrieren sin i 2014 og har mellom anna spesialkompetanse innan fagfeltet smerte og langvarige, samansette lidingar.

Sondre Tveit Hauan

Book ein avtale med Sondre

Skjergardsvegen 1362
5363 Ågotnes